Mindblown: en blogg om filosofi.

  • Kan vi ha tillit til at ungane får lære språket sitt?

    Kan vi ha tillit til at ungane får lære språket sitt?

    Velkomen til møte på Volda Folkebibliotek torsdag 24. sept. kl. 18 om lese- og skriveopplæringa for dei aller yngste skuleelevane. Kan vi ha tillit til at ungane får lære språket sitt – som er nynorsk?? Denne problemstillinga er ikkje blitt mindre aktuell i desse «pisasjokk»-tider. Vi vonar konklusjonen på spørsmålet vil vere positiv, og viss…

  • Målblome til elevar ved Volda vidaregåande skule

    Målblome til elevar ved Volda vidaregåande skule

    Klokka 9 om morgonen onsdag 13. mai møtte to representantar frå Volda mållag opp på klasserom K207 ved Volda vidaregåande skule. Her fann dei elevane i Spansk II, Vg2, som hadde time med læraren sin Aase Digernes. Oppmøtet var avtala, sjølvsagt, og oppdraget kjend på førehand. Lokalavisa «Møre» var og blitt tipsa, og var til…

  • Nytt styre i Volda mållag 2026

    Styret i Volda mållag 2026, frå venstre: Tarjei Almestad (vara), Ragnhild Oterholm, Marit Lovise Brekke, Gudrun Kløve Juuhl, Jørund Fet (leiar) og Anders Aanes (vara). Styremedlem Vilde Bell-Hagen Humberset var ikkje til stades då biletet vart teke. Leiar: Jørund Fet (på val i 2027) Styret: Ragnhild Oterholm (på val i 2027), Vilde H. Bell-Hagen (på val i…

  • Målprisen til Magar Åm

    Målprisen 2026, Volda mållag. Målprisen i Volda kommune for 2025 går til Magnar Åm. Magnar Åm er komponist og erutdanna organist og kantor ved Bergen Musikkonservatorium (Griegakademiet). Han harogså studert komposisjon ved Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm. Åm er ein internasjonalt anerkjend komponist og i dei aller fleste verka hans er titlar og tekstar på nynorsk.…

  • Bokgåvene er delt ut

    Frå utdelinga på Mork skule, frå v. Ragnhild Oterholm (styremedlem VM), May Britt Høydal (rektor), Jørund Fet (leiar VM), og fremst 4.-klassingane Olivia Wanjiku Sætre og Elias Eikrem.Foto: Elin Lillebø, «Møre» Frå Hornindal barnehage, frå v. Jørund Fet, Anita Kristin Olsen (styrar) og Vilde Bell-Hagen (styremedlem VM).Foto: Volda mållag I går måndag 24. nov. reiste mållagsstyret…

  • Sommarbrev 2025

    Her kjem ei sommarhelsing frå Volda mållag, der vi informerer om aktivitetane våre i vinter og i vår. Årsmøtet for 2025 i Volda mållag vart halde 1. april på Festsalen, Samfunnhuset. På programmet stod først ei innleiing ved Stig Jarle Helset og Tor Arne Haugen om dialektendrings-studien dei gjennomfører i Volda og Ørsta. Sjølv om…

Har du noen anbefalinger til blokker?